Ingunn Stræte Sørbøen

Ho kjem frå Ål i Hallingdal, og har spela trekkspel frå ho såg goffa sin gjorde det same. Heilt sidan barneåra har ho vore ihuga tilhengjar av runddansmusikken, og har om somrane prioritert Landsfestivalen i gammaldansmusikk framfor å gå på sirkus.

Ingunn er alle journalistars skrekk. Berre unntaksvis får ho namnet rett sitert i media (Se og Hør: Støte Sævbøen.) Jenta er fødd i 1981, men er likevel den første til å gifte seg. Dei modnast tidlegast lengst sør.

Ingunn var den fyrste trekkspelaren som kom inn på folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Der har ho mellom anna gått i lære hjå Jon Faukstad, Tom W. Rustad, Embrik Bergaplass og Thorleif Stave. Ho har allereie markert seg som ein dugande trekkspel- og toradarspelar. Likevel har Ingunn begrædelige festivalresultat å vise til. Ikkje mange skjønar hallingdalsmusikken, og snittet ligg på nest sisteplass.

Draumebilen er ei lyseblå boble, og Ingunn trur ho har lukeparkert med 10 meters klaring på kvar side.