Gro Kjelleberg Solli

Fødd i 1973 og oppvaksen i Angvik på Nordmøre. Ho har dessverre endå ikkje lært å lage brunsaus og søndagsmiddag, og overlev stort sett på søtsaker.

Køyrer mintgrøn Ford Sierra, og har vore borti overraskande lite ulykker. Ventar på Den Store Elgpåkjørselen. Bekymra sjel. Det ikkje Britt og Ingunn veit, er at onkelen til Gro, Gudmund, har ei gul boble (73-modell) med dongeri- sete og "jeans" trykt på dørene!

Gro har utdanninga storfag folkemusikk frå Høgskulen i Telemark (Rauland!) og musikk- og sosialpedagogikk ved Norges Musikkhøgskole, der ho hadde songlærarar som Kirsten Bråten Berg, Sondre Bratland og Berit Opheim. Vokalmusikken på Nordmøre har ho tileigna seg gjennom opptak, notar og levande kjelder. Katten til Gro heiter Hækt-Ola-Sivert-Marit med barten!