Britt Elise Skram
Ho vart fødd i korpsbygda Tomrefjord i 1979, men valde å spele fele i staden for messing. Diggar gamaldans-kvartettar, raude bobler, Tom Jones og kaktusar.
I dag er ho leiar for Spelemannslaget Dåm og Drag (dei med dei fine vestane).
Etter eit år ved Toneheim folkehøgskole bestemte ho seg for å satse på folkemusikken, og tok utøvande folkemusikkutdanning ved Norges Musikkhøgskole. Læremeistrane vart Sven Nyhus, Arild Hoksnes og Per Sæmund Bjørkum. Olav P. Hjelvik var Britt sin første læremeister, og er framleis helten hennar.
Britt Amalie har diskokule i kjellaren, og er den desidert dårlegaste av oss til å bake.