Om gruppa
Pigene møttes som studentar ved Norges Musikkhøgskole i Oslo i 2001. Under ei oppsummering av livet fann vi ut at det sto heller dårleg til: Kjærleikslivet var ikkje mykje å skryte av, potteplantene overlevde toppen ein månad, bilrygging fiksa vi ikkje, endå mindre matlaging. Kunne vi gjere noko for å muntre oss opp?
Jau, kanskje spele saman - det er vel det einaste vi har antydning til talent for. Repertoaret vart difor begrædelige viser og oppmuntrande slåttar frå heimtraktene våre: Nordmøre, Romsdal og Hallingdal.
Ein finn mykje trøst i andre si sorg, og det skortar det ikkje på i gamle skillingsviser. Ikkje alle slåttestev er like lystige heller. Pigene har gjort det bra på kappleikar og festivalar, og har sin eigen kles-stil på scena. I byrjinga gjekk det i Fretex-klede, i seinare tid kjolar frå designaren Gudrun Sjödèn. Alt med tilbehør som Bjørnson-nål, medaljer, perlekjeder m.m.